Skyldfolk

English

I august 2008 fekk eg endeleg sjå dei lenge etterlengta resultata av ein DNA-test som eg hadde fått tinga det same året gjennom National Geographic. Det fyrste eg såg på nettstaden deira var eit bilete av ei line som gjekk beint frå Aust-Afrika til Nord-Amerika. Ved å ha sendt inn ein spytt-prøve til eit laboratorium USA, hadde eg fått testa Y-kromosomet mitt. Gjennom å kartleggja mutasjonane på dette kromosomet fekk eg altså sjå den ruta som forfedrane mine tok då dei fór ut or Afrika for om lag 60 000 år sidan. Men det som eg vart fortald verka ikkje samsvara med bakgrunnen åt ætta mi, så eg gjekk vidare ved å grava litt i fortida på eiga hand.

Kart hjå National Geographic for migrasjonen åt haplogruppe Q

Det fyrste eg gjorde var å sjå om ein kunne gjera noko meir med resultata mine på nettet. Igjennom National Geographic fekk eg lasta dei opp til ei rekkje andre nyttige sider. Ettersom tida gjekk lærde eg meir om gruppa mi, haplogruppe Q, ved å søkja på Google og spørja folket kva dei hadde funne ut. Det viste seg at gruppa mi var ei av i alt to haplogrupper som hadde migrert frå Sibir via Beringstredet til Amerika. Det var altså ikkje overraskande at 95 % av dei innfødde i Amerika høyrer til same gruppe som meg. Det tidlegaste funnet for menneskeleg aktivitet hittil er gjort i Monte Verde i Chile, og er tidfesta til om lag 14 500 år sidan. Den tidlegaste busettinga heilt nord-aust i Sibir er tidfesta til om lag 18 000 år sidan–så ei amerikansk busetting før då er ikkje tenkjeleg.  Men så var det også nokre få av desse menneska som tok vestervegen til landa ikring Austersjøen. Etter kvart kom eg over eit kart som, etter alt å døma, illustrerer ei folkevandring som til slutt kom til å enda opp i Noregs land og rike.

Den vestlege migrasjonen åt farssida mi

Farssida mi kan altså visa til ei ætt som i tid og rom strekkjer seg tilbake til utgangspunktet for dei som fyrst folka Amerika. På denne sida vil eg samle saman litt av det eg har funne med den hensikten å bevara det for ettertida. Til å byrja med ser eg nærare på den tidlegast kjende historia åt farssida mi.

Bygdebøker og DNA-databaser

Den tidlegast kjente personen på farssida mi het Håkon. Han vart etter alt å døma fødd ein gong mot slutten av 1500-talet. Kor langt tilbake slekta går på denne Børstadgarden er uvisst. I Stjørdalsboka står det det fylgjande:

Håkon, ┼ før 1632. Nemnt som einebrukar 1610-1622.

Born: Ottar. “Ottark Håkonssøn Børstad haffuer gaaed ind till Siurd Kylloe drucken oc giort hannem Hembsogen” (tok på han utan grunn) “gaff derforre 6½ rldr. 12 skilling”. (1622).

Peder. “Peder Håkonssøn Børstad troloffuit med Oluff Quitems datter, som hand krencket, gaff derforre 7 rldr.”. (1628).

Det lille Stjørdalsboka lèt vita om Håkon Børstad

Med om lag 500 år i Nord-Trøndelag er det slett ikkje utenkjeleg at farssida mi går endå lenger tilbake i det same området. Dei få norske treffa eg har fått i databaser på nettet er alle å finna i Trøndelag, om enn eit stykke sørover for Stjørdal. Det fyrste “treffet” eg fekk, var på ein norsk-amerikanar som kunne fortelja at forfedrane hans var utvandra frå Melhus i Sør-Trøndelag. Ifylgje nettsida hadde vi felles forfader innanfor eit tidsrom på 800 år, altså 30 generasjonar. Dette tok eg for å vera einstydig med at farssida mi må ha vore i Trøndelag iallfall sidan 1200-talet.

For å koma meg endå lenger tilbake såg eg etter om det fanst nokre treff på skyldfolk i dei gamle norske skattelanda og kringliggjande område. Som forventa hadde eg ikkje berre skyldfolk på Island, men òg på Hjaltland og t.o.m.  i Nord-England. Alt dette tydde på at farssida mi kan ha vore i Noreg alt frå og med 800-talet. Island vart bygd på 870-talet, Hjaltland noko tidlegare, og England vart herja av nordmenn og danskar frå og med slutten av 700-talet.

Nokre av slektningane på farssida mi

Professor David Faux meinte å kunne setja farssida mi i samband med hunarane. Dette hadde han belegg for i og med at gotarane, eit germansk folkeslag som ein trur utvandra frå det noverande Sverige kring år 100, vart underlagde desse asiatane idet dei gjorde sitt inntog i Europa mot slutten av 300-talet. Ifylgje professoren er det sannsynleg at nokre av hunarane vart med gotarane tilbake til Skandinavia då riket deira rakna etter at leiaren deira, Attila, døydde i 453. Dette vart ytterlegare underbygd av andre kjelder på nettet. Eupedia hadde dette å seia om haplogruppe Q:

Q is found predominantly in Central Siberia, Central Asia and among Native Americans. In the latter case it is the specific subclade Q1a3a.

One hypothesis is that Q came to Europe with the Huns in the 5th century. The Huns are thought to have originated from Central Siberia, where haplogroup Q is still common nowadays. Q is found in 2% of the people in Hungary and up to 5% in isolated pockets in the mountains of Slovakia, just north of Hungary. It is historically attested that Hungary was were most of the Hunnic invaders finally settled after wreaking havoc around Europe. The Nordic and Baltic states have the second highest frequency of Q in Europe. Based on the Hunnic hypothesis, it is possible that a group of Huns settled in Sweden and/or Norway along with their allies, the Goths. The Romans reported that the Huns consisted of a small ruling elite and their armies comprised mostly of Germanic warriors. An alternative scenario is that Nordic and Baltic Q came through the Uralic-speaking population of Siberia via Finland and Lappland, but this is unlikely because Q is not more common in Finland and does not correlate with the densities of the Uralic haplogroup N1c1.

Other Central Asian or Siberian migrations might have brought Q to Ukraine in the late Antiquity or Medieval period. For instance, the multi-ethnic Central Asian troops of Genghis Khan could very well have carried some haplogroup Q (along with C, G, O and R1a) to Eastern Europe, but not to Central Europe or Scandinavia.

Vidare fann eg eit fenomenalt bra Europakart på sida åt Eupedia. Farssida mi er representert på kartet med rosa farge. Når ein ser kor vanskeleg det er å sjå fargen utan å zoome seg inn, får ein eit betre bilete av kor lite som er att av denne haplogruppa i Noreg.

Kart frå eupedia.com med fordelinga åt haplogruppane i Noreg

Faktisk så er det gjennomgåande få karar i Europa som høyrer til same haplogruppe som meg ifylgje Eupedia. Alt i alt finst det berre 0,61 % av denne gruppa hjå mannfolka i Europa, med høgast frekvens i Slovakia og Ukraina på 2.5-5 %.

Historia som framleis sit i folkesjela

I og med at eg er veldig interessert i språk, og særleg etymologi, byrja eg sjå på måla i dei gamle norske skattlanda i løpet av det fyrste året på universitetet. Eg kom over ei etymologisk ordbok for hjaltlandsmålet, norn, som rett og slett viste seg å vera ei gullmine av informasjon. Boka var skriven av ingen ringare enn Jakob Jakobsen, ein færøysk lingvist med eit talent som yttarst få kan ha sett maken til. Ikkje berre var boka skriven av ein person som tala det språket som i si tid faktisk låg nærast norn, færøyingen hadde dessutan kunna spora opp ei rekkje ord tilbake til kvar si opphavlege bygd i Noreg.

Hjaltland vart busett frå heile Noreg, men ut ifrå kva Jakobsen kunne resonnere seg fram til, måtte dei aller fleste av hjaltlendingane ha kome ifrå området mellom Bergen og Mandal. Dette hadde å gjera med at det meste av ordforrådet i det gamle hjaltlandsmålet var unikt for denne delen av Noreg. Gleda vart stor idet eg las at nokre av desse orda kom frå Stjørdal. Eit av orda, i Stjørdal “knåppå” og på Hjaltland “knaba”, var det ein ørliten sjanse for at ein av forfedrane mine hadde teke med seg til Hjaltland, i og med at eg har skyldfolk der; men eg kan ikkje seia det for sikkert.

Omvendt kan det òg henda at farssida mi på eit tidspunkt fór til Hjaltland, for så med seinare generasjonar å fara tilbake til Noreg. Men dette kjem eg høgstsannsynleg aldri til å finna ut av.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: