Færøysk er så forbanna feitt

Jau, då har nyåret kome godt i gang. I Trondheim har det vore litt om og men å koma seg oppover til Dragvoll, men glattisen har ikkje fått taka nuven på meg just endå. Forelesningane har faktisk vore overraskande solide i år. Eg har då også kunna velja litt av kvart. Det nye er at eg tek Lokalhistorie med arkivkunnskap og Arbeid og daglegliv; to fag som utfyller einannan som hand i hanske. Fyrst og fremst er det slektsforskinga som har verka som motivasjon for desse vala. Eg har funne ut at éin ting er det å samla på namn, fødselsår og bilete, ein annan er det å læra om kvardagen til dei menneska som faktisk levde attom tala og namna. Så difor eg tenkte dette kunne vera eit par kjekke fag for ein hottentott som meg. Tipp-tipp-oldefar budde på Ila her i byen frå 1870-1916 og arbeida som tømmermann og snikkar. Korleis var det?

Interessa for dei gamle måla har blussa opp att med nyåret. Jau, no om dagen sat eg og leita etter lesestoff på Google Books. Der fann eg til mi store forundring ikkje berre ei solid færøysk-engelsk ordbok, men også eit par velskrivne historiebøker for det som venteleg må vera den færøyske ungdomsskulen.

Interessa har fått nytt liv i og med oppdaginga av ei samleside på nettet for gode gamle færøyske avisar. Eg og ein kompis måtta flira litt av det som vart omtalt i ei av desse. Dei visste tydeligvis å finna på litt av kvart uti Atlanterhavet. Mellom anna kunna ein på Færøyane 29/7/1892 lesa det fylgjande:

Ein mandarinur í eystasta China hevur bjóða at senða okkum ein dvörg, eina avgamla, rukkuta skrukkuta spákvinna og fleiri lögli fólk, sum har eru líka so tött sum hundaland hjá okkum í eini eplaveltu sum er töað við basarin.

Dei var etter alt å døma heller ikkje uvite om det som gjekk føre seg i gamlelandet. I dei fyrste numra er det flust med skriv om det eine og andre i Noreg:

Sum kunnugt er, strevast Normaðurin við at sleppa sær frá fremmand (danska) málinum, sum i langar tíðir hevur havt vald bæði ovarliga og niðarliga. Málið er nú komið rættuliga væl à leið. Tað hevur fingið sæti i háskúlanum, er góðkennt at nýtast i fólkaskúlunum og í øllum almenningsskúlum er fyrisett í tað minsta at kunna tað. “Det norske samlaget” hevur fingið studdning til at utgeva skúlabøkur uppá Norskt. Nýliga hevur tingið sett málið i hásæti við at geva tí rætt at nýtast sum landsins lógmál í ríkissalinum sum fyri skrivarinum.

Nei, eg får sjå til å lesa vidare. God natt.

3 svar til Færøysk er så forbanna feitt

  1. Troels-Peter seier:

    Hei Sakiimi – jeg har tilladt mig å lenke fra min blogg til din eftersom jeg kan se at vi har en del felles interesser.

    Min blogg er et skandinavistisk prosjekt med min egen rettskrivning hvår jeg skriver om nordiske emner, og jeg er altid interesseret i å finne nye blogge med et nordisk perspektiv.

    Og så er jeg ganske enig med dig: færøsk er forbannet fedt. Jeg lærte mig skriftligt færøsk ved å læse Dimmalætting og Sosialin i en periode, og så snart jeg hade “knekket koden” fikk jeg langt bedre muligheder for å forfølje min gamle interesse for landet. Jeg er meget glad for de forskellige lenker du har lagt ud på Heimant.

    Vi ses,

    Troels-Peter

  2. sakiimi seier:

    Hei hei Troels-Peter,

    Mange takk for dei artige kommentarane dine. Dei kjem godt med, må vita. Bloggen din hadde det vore interessant å fått sett, men eg ser no at den ikkje lèt seg vitja. Kan du vera så venleg å gje meg lenken som kommentar?

    Flott å sjå at det finst andre med interesse for dei nordiske språka.

    Mvh
    Ragnar

  3. Troels-Peter seier:

    Ja, det er mystisk at lenken ikke virker.

    Her har du adressen: ordinord.blogspot.com.

    Vi ses!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: