Ole The Norwegian Comes To America

10 svar til Ole The Norwegian Comes To America

  1. steinraus seier:

    Låttmild video, og gjæv blogg. Kvar i Trøndelag du held åt?

  2. sakiimi seier:

    Takk takk. Eg kjem ifrå Skogn. Enn du?

  3. steinraus seier:

    Namdalen. Olav Duun-område og det heile.

    Er det mykje aktivitet i Trønderlaget? Kome med fråsegn åt nynormeringa av nynorsken?

  4. sakiimi seier:

    Eg er diverre ikkje medlem av laget, så det veit eg reint lite om.

  5. steinraus seier:

    Jau. Du kjenner vel historia. Dei nyttar statistikk for det meste. Bokmåls-like former vert ofte eineformer: “sær/hær” i staden for ser/her og så vidare. I-målet skal ut det au.

  6. sakiimi seier:

    Jau då, eg kjenner til tendensen. Sjølv ynskjer eg meg ei meir opphavleg form, men sjansen for at det skjer er vel heller skral.

  7. steinraus seier:

    Jau. Eg hev fremja http://www.sprakrad.no/upload/Rettskrivingsnemnda/Ny%20normering%20fr%c3%a5%20Langeland%20og%20Breivega%205.%20april%202010.pdf .

    Veit ikkje kor interessant du tykkjer det er, men det er eit godt forlik: A-infinitiven, færre ø-former (først, bølgje, følgje går or norma), tradisjonelle ord “gjente” og “sæter”, meir systematisk ending på e-verb i fortid og så bortetter. Ein plass må vi byrja. Vi fær ikkje folk til å skriva “segjer” og “andsvar” med det fyrste. Men i det heile er det god grunn til å tvila på normeringa. Eit kåseri om det ligg på bloggen min, viss du vil lesa.

    Det er fantastisk kor mykje kunnskap du sit på. Hev skrive inn ei bok frå 1886 av Heggstad sjølv. Ho inneheld namdalske segn og målprøvor. Du kann få ein PDF når ho er prenta, om det freistar.

  8. sakiimi seier:

    Du skriv mykje interessant, og eg er samd i alt saman. Faktisk så veit eg med meg sjølv at eg alt har kome over den same artikkelen for ei lita stund sidan. Såleis som stoda er nett no, verkar bokmålet langt meir attraktivt i og med at forma er såpass urokkeleg. Folk flest har eit medvite tilhøve til korleis ein lyt skriva godt bokmål, men ikkje korleis ein lyt skriva godt nynorsk.

    Takk for all ros. Den PDF-fila seier eg ja takk til, så det er berre å senda i veg. Eg veit altfor lite om Namdalen, så det hadde vore flott.

  9. Seidmannen seier:

    Interessant å lese om haplotype Q her. Har haplotype Q1a3 men finn berre norske aner.

  10. sakiimi seier:

    Kvar du kjem ifrå, Seidmann?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: