Sommar i Trøndelag

Fjæra

Det er sommar i Trøndelag, om ein då vil kalla det så. I dag fekk vi faktisk sett litt blå himmel, og jamvel gløtta sola fram i ein periode ho med. Då var det sanneleg berre høveleg at vi fór ned til fjæra og åt litt grillmat hjå skyldfolka hennar mor. Der var det ikkje muleg å få auge på eitt einaste surt ansikt, og humøret deira hadde vel vore det same uansett sol eller regn. Det er trivelege folk.

Dagane dei går, som alltids, og om enn vêret held seg, har eg ein god del å lesa før sommaren tek slutt. Just no held eg på med Romarriket, og denne veka er det hovudsakleg dei to fyrste punarkrigane som skal stå i fokus. Desse to episodane kjenner eg til frå før, men denne gongen vil eg helst gå litt djupare inn i stoffet enn kva eg fekk gjort førre semester. På universitetet måtte vi sjølvsagt leggja av ein del tid til sjølvstudie, men det tidspresset som naturlegvis kjem som ein fylgje av slikt gjorde at eg berre fekk sett akkurat tilstrekkeleg på stoffet før vi måtte gå vidare i pensum. Heldigvis har eg lærd ein ting eller to om studieteknikk frå dei to fyrste semestra. Neste år blir det fylgjeleg ein annan dans.

Det mest påfallande ved punarkrigane har å gjera med den vanvittig tynne grunngjevinga romarane hadde for å gå til krig. Den fyrste krigen gjekk i utgangspunktet ut på yta støtte til ein gjeng med italiske leiesoldatar som vart kalla mamartinarar (lat. “Mars’ søner”). Desse hadde til å byrja med vortne hyra inn av Syracusa, ein Siciliansk hamneby som på det tidspunktet framleis var i greske hender. Etter at byen hadde gjort det klårt at det ikkje lenger var behov for tenestene deira, la dei i veg tilbake til heimlandet sitt. Om dei berre hadde haldi seg til dette, hadde historia åt Europa, om enn ikkje historia åt verda sjølv, sannsynlegvis vore radikalt annleis på langt fleire punkt enn berre eitt. For desse leiesoldatane fór ikkje rake vegen heim med ein gong. Nei, dei måtte sjølvsagt fara innom Messana (det noverande Messina), der dei fekk ovleg god behandling av dei innfødde. Som takk for dette drap dei like gjerne karfolka, tok kjerringane deira og regelrett koloniserte byen i 288 f.Kr.

Desse folka svarar altså lett til moderne “gangsters”, om ein tykkjer slikt er høveleg. Etter kvart gjekk så kong Hierkon av Syracusa til åtak på byen deira, men måtte trekkja seg tilbake då kartagarane blanda seg inn og laga ein garnison i byen. Somme av mamartinane sendte så bod til Roma om hjelp, og om enn Senatet var motviljug, fekk konsulane folkeforsamlinga til å gå inn for stønad til desse “landsmennene” deira. Den eine konsulen fór så over til Syracusa, og då både kartagarane og syracusarane  blanda seg inn, erklærte han begge partane krig i 264 f.Kr. I tillegg kom det, som det vanlegvis gjer i krig, andre mål enn dei ein hadde til å byrja med, ettersom kampane intensiverte.

Som Erik Christiansen påpeiker er det framleis usemje om kvifor romarane valde å bryta med kartagarane som dei gjorde akkurat der og då. Tidligare, under Pyrrhos-krigane, hadde dei jamvel vore allierte. Mulegvis kan den seinare utviklinga ha hatt noko å gjera med at kartagarane, etter nyleg å ha lagt under seg halve Sicilia, aldri hadde gjort seg gjeldande så nære den italiske halvøya før. Det har vorte spekulert på om romarane frykta for at kartagarane, etter fyrst å ha lagt under seg heile Sicilia, ikkje ville sjå seg fornøgde med som så, men gradvis ville freista leggja under seg heile den italiske halvøya. Det at romarane kanskje følte at kartagarane pusta dei i nakken, er ikkje usannsynleg med tanke på at desse to maktene der og då framleis var meir eller mindre jambyrdige. Kartagarane hadde vel gjort eit innrykk i bakgarden åt Roma. I mi meining treng ein ikkje sjå lengre tilbake enn til Cubakrisa for å kunna finna noko å jamføra dette med i moderne tid.

Etter kvart tek romarane på seg så ei rolle der dei fritt dikterer kva dei andre maktene i Mellomhavet får lov til å gjera; om ei makt skal få lov til å føra krig, og då òg med kven osv. Neste punarkrig tok så til etter at kartagarane hadde gått til åtak på Sagunt; ein by i Hispania som ifylgje ein avtale ikkje skulle bli rørt av kartagarane. Då Sagunt likevel vart angripen, etter sjølv å ha angripe stammar som var allierte med kartagarane, gjekk det ikkje lange tida før Roma nok ein gong fann seg sjølv i krig. Det hjelpte altså ikkje at kartagarane på sett og vis faktisk hadde reagert i sjølvforsvar. Roma såg seg uansett kva nøydd til å ty til krig.

Så seier historia. Ho er ikkje alltid lett å bli klok på, men eg trur ikkje vi kunne ha vore ho forutan. No får eg leggja meg. God natt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: