Grimberg veit råd

For ei stund sidan kjøpte far min heile bokserien hans Carl Grimberg, “Meneskenes liv og historie”. Det er ikkje før no at eg har sett nærare på denne verdshistoria–i samband med at eg no les om dei fyrste dagane åt Romarriket. Fram til no har eg halde meg til Erik Christiansens “Romerrigets Historie”, men i samanlikning med verdshistoria hans Grimberg held denne eigentleg ikkje mål. Eg talar då fyrst og fremst om Christiansens framstilling av dei to fyrste punarkrigane. Dansken har nemleg lagt ovleg mykje vekt på at mamartinane appellerte  til nasjonalkjensla åt romarane. Dette skulle då forklåra kvifor romarane blanda seg inn på Syracusa, og kvifor dei sidan gjekk til krig. Men Grimberg nemner knapt denne episoden. For han var det heller andre forhold som talde, og her framgår det at verdshistoria hans er skriven med ei langt skarpare penn enn “Romerrigets Historie”.

I går var eg såvidt innom ei samanlikning med Cubakrisa då eg beskreiv bakgrunnen åt den fyrste punarkrigen. I mi meining må romarane ha følt det som om kartagarane hadde rykka inn i bakgarden deira. Dette treng slettes ikkje vera så dum ein idé. Som Grimberg skriv:

Etter hvert som romerne underla seg Italia, gikk det opp for dem hvilken fare det innebar for deres rike at kartagerne liksom stengte Det tyrrhenske hav inne. Karthago rådet nemlig over Sardinia, og det var fare for at de når som helst også kunne få herredømmet over hele Sicilia. Det gjaldt for romerne å hindre sine konkurrenter i å “bygge en bro, som de kunne gå over til Italia på”, som Polybios sier. Da derfor Messina ble voldsomt angrepet av kartagerne, og en del av byens befolkning bønnfalt romerne om hjelp, besluttet disse seg til å gripe inn, skjønt de egentlig kunne ha trengt ro og fred etter den anstrengende krigen mot Pyrrhos.

Vidare gjev Grimberg ei interessant skildring av motsetnadene mellom romarane og kartagarane. På den eine sida hadde ein semittar, på den andre sida indo-europearar. Samstundes kunne visstnok kartagarane visa til ein kultur der menneskeofring, spesielt av born, spelte ein sentral rolle i religionen deira. Dei var dessutan sjøfarande handelsfolk, medan romarane var mest landkrabbar og heimfødingar.

Det går uansett fort å koma seg gjennom “Romerrigets historie”. Christiansen skriv korte kapittel, og boka inneheld snautt 200 sider. Forhåpentlegvis vert ein noko klokare av Grimberg, men fleire synspunkt er det som alltids berre sunt å få med seg. Ein lyt ikkje halda seg til berre ein mann når ein tek for seg eit såpass vidt emne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: