Amerikansk slektning frå Skaun

Etter å ha lesi litt til eksamen idag fekk eg ein idé om å sjå meir på farssida åt ein amerikansk slektning. Eg fekk 100 % treff på same karen i databasen åt “FamilyTreeDNA“. Ifylgje denne databasen er amerikanaren og eg direkte etterkommarar av ein person som levde for om lag 800 år sidan. Ettersom eg akkurat no ikkje ser ut til å koma meg noko vidare med DNA-opplegget, tenkte eg det kunne vera interessant å sjå om denne karens forfedre har same utgangspunkt som skyldfolket mitt frå Stjørdal.

So, etter å ha kikka litt i to bind av Skaunaboka, fann eg ut at Bobs tidligaste kjende forfader heitte Alt Jonsson. Alt vart fødd kring 1650 og kom frå ein gard ved namnet Rekstad. Her får de eit lite utdrag frå bygdeboka om garden:

Staðir-gardane er av dei mest sentrale i Skaun: Rekstad, Solstad, Krokstad, Syrstad og Lefstad. Få gardar her er eldre, og staðir-gardane grensar til slike (Husby, Venn og Mo), og skil seg òg lite frå dei når det gjeld landskap, bonitet og storleik. Rekstad er som ein part av Husby, men vi vil helst sjå staðir-gardane som nyvinningar og bureisingsbruk frå tidleg vikingtid, eller helst enda noe eldre, og ikkje som gardpartar framkome ved deling av ein eldre gard. Mange av staðir-gardane i bygdene her er store og ligg òg mye avgrensa, slik at det blir heilt urimeleg å konstruere ein opphavsgard. Det at dei fleste av staðir-namna er laga av eit personnamn, tyder òg på at dei har hatt ein suveren bureisar, som her tok til frå botnen av . Personnamnet i Rekstad kan vere eit av mannsnamna Refr eller Rikulfr, seier Rygh i Norske Gaardnavne og viser til andre Rekstad-namn. Ein annan hypotese Rygh har, er at eit bekkenamn – Reka – kunne ha gitt garden namn. Namnet blir uttala Ræ’kkstån, dativ: på Ræ’kkståm, genitiv: te Ræ’kkstå.

Men så var det noko med dette namnet då. Eg kan ærleg seia at eg korkje har høyrd eller lesi om nokon annan med det namnet før no. Ifylgje Statistisk Sentralbyrå er det “3, 2, 1 eller 0 menn som har Alt som første fornavn” i Noreg i dag. Etter å ha freista sjå om det kan vera noko informasjon om dette namnet på engelskspråklege sider, lærde eg at det er av germansk opphav. Som forventa har det tydinga gamal, akkurat som på tysk. Men korleis dette heng i hop med det at vi her talar om ein kar fødd på 1600-talet, og som attpåtil kom frå Skaun, veit eg ikkje. Spesielt sidan namnet er “used in Dutch Speaking Countries” får det meg til å tru at dette var noko som kom utanfrå.

Det kan henda at dette har noko å gjera med frisarane, sidan dei er kjende for å ha fari nordover og drivi handel med skandinavane alt f.o.m. 700-talet. Om eg tek høgde for at eg òg har skyldfolk på Shetland, som språkforsking meiner vart busett frå Sør-Vestlandet, kan det godt henda at farssida mi kjem frå ein plass lenger sør i verda. Samstundes ser eg dette i samanheng med Friesland inngjekk som ein del i hunarriket på midten av 400-talet. Men det var fyrst og fremst indirekte ein del av hunarriket. Frisarane var kan henda berre ein av fleire germanske stammar som ytte teneste. Det at Friesland inngjekk i riket treng ikkje å medføra at ein kunne finna asiatar overalt i Nederlanda. Men likevel så er det ikkje umogleg at nokre av desse genane fann vegen sin vestover etter at riket deira forsvann. Kven veit. Mykje kan henda over sopass mange år.

Frisisk krigar, av Johannes Hinderikus Egenberger

No legg eg alt for mykje i berre eit enkelt namn. Men gud kor artig det hadde vori om dette faktisk stemte. Det eg veit så langt tyder uansett på at farssida mi har temmeleg gamle røter i Trøndelag. Likeins som at forfedrane til Bob ikkje vert nemnde i samanheng med Stjørdal, vert heller ikkje mine eigne forfedrar nemnte i samanheng med Skaun. Det ser altso ut til at farssida mi må ha vori her ei god stund sidan det ikkje ser ut til å vera noko direkte samband med Skaunafolket sjølv 400 år sidan. Om eg får “treff” på nokre karar nede i Friesland hadde det verkeleg vori interessant.

Heller sannsynleg er det vel at den ætta vi faktisk nedstammar frå kom frå ein plass i Nord-Tyskland eller noko slikt. Men det er framleis artig å spekulera. Avslutningsvis gjev eg dykk eit utdrag frå “Attila” av John Man. Seier dette noko om korleis tyskarane såg på hunarane før i tida? Det får de sjølv avgjera.

I det niende århundret var Attila blitt en del av skandinaviske sagaer så vel som de germanske. Dette er merkelig, fordi det kortvarige imperiet hans knapt var i nærheten av Østersjøen. Selv om hunernes imperium ikke var germansk, ser det ut til å ha vært mektig nok til å innta en plass i folkeminnet og folkediktningen. Helt frem til det forrige århundret har folk i Nord-Tyskland referert til gravhauger som Hunnenbette, “hunersenger”.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: