Pritani

På den andre sida av havet ligg det eit land som dei før i tida kalla Pritani. Somme av dei fyrste menneskja som budde der tala tungemål som i seinare tid har vorti kalla keltiske. Heilt sidan år 43 hadde landet legi under herredømmet til romarane. Men omkring 400 år seinare avskreiv dei landet og trakk seg ut. Dette gjorde at dei innfødde kunne ta att landet sitt. Omlag samstundes fór gælarane frå Irland til Skottland og grunnla der eit rike som dei kalla Dál Riata. Dette folkeslaget skulle seinare komma til å fortrengja dei fyrste innbyggjarane i Skottland, som ein i ettertid kjennar som piktarar.

På rundt den same tida skal Hnæf, son av Hoc, ha fari sørover til Frisland for å få sjå att søstera si, Hildeburh. Hildeburh hadde vorti gifta bort til kong Finn av far hennar, kong Hoc, for å halda freden ved like mellom danskane og frisarane. Med seg hadde Hnæf 60 menn, og hans øvstkommanderande var ein jyde som heitte Hengest. Etter å ha komi fram bryt det ut eit slagsmål og Hildeburhs son, som i sin person har knytt frisarane og danskane saman, døyr. Det same gjer morbror hans. Men både frisarane og danskane er jambyrdige, og korkje den eine eller den andre kan vinna. Danskane, som no er leia av Hengest, ser seg samde i å overvintre i hallen hans Finn, utan å ta livet av nokon.  Finn går med på å behandla dei sameleis som sine eigne menn, og gjev dei like mykje av skatten sin. Dei daude vert brende, og Hildeburh er i sorg, men freden held seg til våren kjem.

Men Hengest og danskane har eit problem. No tenar dei han som er ansvarleg for å ha drepi herren deira. Dei har ein plikt til å hemna han, men dei har òg svori å ikkje ta liv. Når våren kjem vert det for mykje åt somme av dei. Eit slagsmål bryt ut og denne gongen er danskane overlegne og regelrett slaktar alle frisarane. Dei tek all skatten hans Finn og fer so attende til Danmark med Hildeburh.

Om dette verkeleg har hendt kan vi ikkje stadfesta. Spør du meg vil eg seia at det finst eit reelt grunnlag for at det faktisk har hendt, men samstundes er eg rimeleg fersk på området.  Episoden vert kalla Freswæl på gamalengelsk (“Frisian slaughter”), og vert nemnd i båe Finnesburgfragmentet og det episke gamalengelske diktet Beowulf. Sjølv om mykje av innhaldet i Beowulf er reinspikka fantasi, held ein faktisk mykje av bakgrunnen for å vera sann. Gregorius av Tours, ein gallo-romersk historikar, skreiv at “Chochilaicus”  leia eit innfall i Friesland i år 516, kor han òg strauk med. I Beowulf får vi høyra at Beowulfs morbror, Hygelac, leiar eit innfall i Friesland og døyr i liknande omstende. At Chochilaicus er den same karen som Hygelac, ser stort sett ut til å vera godteki. Sjølv episoden kor Hnæf stryk med, vert nemnd i Beowulf. Og sett at Gregorius av Tours og Beowulf ikkje kunne ha hatt noko å gjera med kvarandre, kan ein gå ut ifrå at det ligg noko som har rot i verklegheita attom det heile.

J.R.R. Tolkien, som frå 1925 til 1945 var tilsett som professor i angelsaksisk hjå Universitetet i Oxford, tok Hengest for å vera den same personen som leia anglarane, saksarane og jydane over til England. Kvifor er Hengest, som jyde, øvstkommanderande over danskane? Og kvifor vinn danskane når våren kjem, når dei var so jambyrdige om vinteren? Tolkien føreslår at det var jydiske leiesoldatar på begge sidene: danskar og jydane deira, leia av Hengest, og frisarar og jydane deira, leia av Finn. Jydane vart i denne perioden pressa ut av territoriet deira av dei ekspanderande danskane i nord og frankarane i sør. Frisarane er i liknande vanskelegheitar, men dei prøvar å alliera seg med danskane (som er grunnen til at Finn, kongen av frisarane, giftar seg med dottera til danskekongen). So danskane har ekspandert og stort sett fått overvunni jydane, og dei overlevande krigarane tenar no som leiesoldatar for både danskane og frisarane.

Tolkien såg for seg at Hengest fekk overtald nokre av jydane på frisisk side om å skifta side. Når slagsmålet endeleg bryt ut hjelpar dei kvarandre med å ta livet av frisarane. Men so, seier Tolkien, når Hengest og karane hans etter kvart kjem seg til Danmark med Hildeburh, er dei ikkje lengre velkomne. So, Hengest tek med seg nokre jydar, og kanskje nokre danar, fer deretter over havet og busett seg i det som vi no kjennar som England. Dette er kontroversielt sidan Tolkien fyrst og fremst tok utgangspunkt i stadnamn og personnamn–men det høyrast logisk ut.

Tradisjonelt sett har ein forklard den angelsaksiske migrasjonen ved å visa til Bede sin Historia ecclesiastica gentis Anglorum.  Angelsaksarane skulle då ha vorti inviterte som leiesoldatar av romar-britane sidan dei ikkje fekk hjelp frå Roma imot innfall på austkysten av dei innfødde britane. For dette skal angelsaksarane ha fått land i Britannia.

Men høyrast det ikkje meir logisk ut at desse folkeslaga hovudsakleg vart pressa ut av ekspanderande maktar på kontinentet? Attåt kan det vera verdt å nemne at gjennom arkeologisk og historisk forsking har ein prova at det ikkje berre var anglarar, saksarar og jydar som busette England, men at det òg kom folk frå kysten av Friesland og sør-Sverige.

Etter å ha prøvd å koma over noko om frisarane i England på nettet fann eg ei skikkeleg interessant bok kalla “Origin of the Anglo-Saxon Race“. Det ser ut til at dei særleg busette seg i Northumbria. Her får de nokre utdrag frå boka:

It is reasonable to conclude that in the settlement of the coasts of the North-east of England and the South of Scotland by the Angles their neighbours the Frisians took a large part. Even at the present time the resemblance between the Frisian dialects and Lowland Scotch is in some respects very close. As we have seen, Octa and Ebissa, with whom as leaders the early settlements in Northumbria are connected, have characteristic Frisian names ending in a.

There are in Yorkshire old place-names which point directly to Frisians, such as Fristone in the West Riding, mentioned in Domesday Book; Freswick, and old place in the North Riding; and Frismarsk, or Frysemersh, a lost place that formerly existed in Holderness.

The pronunciation of the place-names in some of the northern parts of England at the present time strongly points to Frisian settlements. In Northumberland there are many places whose names end in –ham, but, with the exception of Chillingham, they are all pronounced as if ending in –um, like the terminal sound so common in the present place-names of Friesland. In the Cleaveland district of Yorkshire, also, examples of the same kind occur, in which the local pronunciation making names ending in -um very marked. Thus, Yarm is pronounced Jarum; Moorsholm, Moreshusum; Acklam, Achelum; Lealholm, Laclum or Lelum; Airsome, Arusum; and Coatham, Cotum, and so on. A similar pronunciation of names in Sussex has been referred to in the chapter relating to that country.

There can be no doubt that Frisian was one of the dialects used by the settlers in the northern counties, and that many Frisian words passed into the Anglian speech. As late as 1175 we find a Frisian dialect separately mentioned by Reginald, a monk of Durham. In reffering to the eider-duck, he says these birds are called lomes by the English, but eires by the Saxons and inhabitants of Frisia.

Dette finn eg interessant sidan frisarane, i likheit med dei første engelskmennene, på eit tidspunkt stod mykje nærare Skandinavia, båe språkleg og kulturelt sett, enn kva dei gjer idag. Og sjølv no blåheld frisarane på identiteten sin som eit eige folk,  jamvel om somme av dei ikkje lenger talar frisisk; eller frysk, som det eigentleg heiter. Eg trur at dei aller fleste ser på innfødde engelskmenn som eit meir eller minder homogent folk. Soleis er det interessant å sjå eller høyre at det framleis finst restar frå den tida då frisarane først slog seg ned i landet på den andre sida av havet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: