Frå fordoms tid

Tjørnuvík, Færøyane

Eg har enda ikkje teki meg tida til å sjå noko nærare på færøysk, men av og til er eg innom diverse forum og sider på nettet. I det siste har eg begynt å gløtte på eit færøysk forum som heiter kjak.org; ein plass på nettet kor færøyingane pratar om det aller meste mellom himmel og jord. Men for å kunne ha noko nytte av dette forumet, er det vel heller opplagt at ein må kunne færøysk–eller må ein det? Det har seg faktisk slik at for å kunne forstå kva som vert skrivi på kjak.org, må du slettes ikkje ha studert færøysk. Faktisk so held det meir eller mindre med at du kjem frå Noreg. Les berre kva ein skriv om filmen Avatar:

Eg eri samdur í, at søgan var sera kliché og tunn. Mann visti eisini hvør søgan var, burturúr trailarinum, og út frá tí væntaði eg mær ein miðalgóðan film.

Norsk: Eg er samd i at soga var veldig klisjéprega og tynn. Ein visste òg kva soga var, utifrå traileren, og utifrå det venta eg meg ein middels god film.

Eg haldi tó, at søgan er sera væl útførd, um enn ikki so original.

Norsk: Eg syntes likevel, at soga er veldig godt utførd, om enn ikkje so original. (Tenk “held”, som i engelsk, “He held that…”, “tó” er vel det same som engelsk “though”)

Filmurin arbeiðir absolutt við nøkrum kliché-um, men hann ger tað so ótrúliga væl.

Norsk: Filmen baserer seg absolutt på nokre klisjear, men han gjer det so utruleg bra.

Naturlegvis treng ikkje alt dette å vera like opplagt for folk som til vanleg ikkje held på so mykje med språk, men eg har ærleg talt ikkje studert færøysk og likevel kan eg lesa lengre tekstar på språket.

Noko som stadig vekk gler meg over færøysk er parallellane med min eigen dialekt, inntrøndersk. Ettersom eg held på med diverse tungemål omtrent kvar einaste dag, har eg fått eit ganske so bevisst forhold til ikkje minst mitt eige morsmål. Ein tanke som slær meg av og til, er at eit eller anna ord i språket mitt skil seg ut når eg talar med jamaldrande trønderar. Sjølv blant kompisar som vil tala skikkeleg inntrøndersk, skil eg meg av og til ut. Eg seier f. eks. at “æ ha lissi ei bok”, og ikkje at eg har “lest ei bok”. Av og til har eg trudd at denne verbforma berre er noko som eg sjølv har funni på, for eg kan ikkje koma på å ha hørd ho heime.

Men no har eg faktisk sett denne verbforma i ein offisiell språkdrakt;  færøysk. Berre sjå her:

Bíblian er tann mest mótsigandi bókin eg havi lisi.

Altso, på norsk vert dette “bibelen er den mest motseiande boka eg har lesi”. I standard nynorsk heiter det at ein har lese. “Lesi” er ein sokalla klammeform som ein då ikkje finn i lærebøker eller brev frå staten, sjølv om i-endingane framleis er i levande live. Både i eigen dialekt og på nynorsk har eg so godt eg kan prøvd å fått gjennomførd desse endingane. Sjølv seier eg “å ha sitti”, “å ha itti”, “å ha skirri”, “å ha skrivvi”, “å ha hilli”, “å ha liggi” osv. Det same mønsteret finn ein meir eller mindre, som forventa, òg i færøysk:

Færøysk Inntrøndersk
Eg havi ligi og spíð í alla nátt Æ ha liggi og spyɖɖ i heile natt

Men “lissi” er ikkje å finne i islandsk. På Island heiter det nemleg ” lesið”, og sett at alle tre har det same utgangspunktet i gammalnorsk må det på både trøndersk som på færøysk ha heitt det same. Her har vi altso  å gjera med ei parallell dialektutvikling på Færøyane og i Trøndelag. Det som hadde vori interessant er om noko liknande er å finne i finlandssvensk eller elvdalsk.

I samanheng med “lissi”, slo eg opp forma på google og fann att ho på ein blogg  skrivi av ein verdaling. Dette er slettes ikkje overraskande ettersom skogning likna mykje meir på verdaling før i tida enn kva han gjer idag. Eit hint om at det kanskje brukt å vera meir kontakt mellom Skogn og Verdal før i tida, er at grensa for “nu” i Trøndelag følgjer neste eksakt dei gamle grensene for Verdøla- og Skøynafylki.  Utanom dette området hører ein helst “no”.

Soleis fekk eg stadfesta at “å ha lissi” må vera genuint inntrøndersk. “Lissi” er altso på ein måte ein slags utryddingstrua kuriositet heime på Skogn, og det viser delvis korleis språket må ha høyrdes ut før i tida.

2 svar til Frå fordoms tid

  1. særs bra artikkel og godt fundert, du må ha d bra arti inni hauvve dett:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: