Thorfinn Karlsefni

Thorfinn Karlsefni (norrønt Þorfinnr Karlsefni, islandsk Þorfinnur Karlsefni) var ein islandsk handels- og oppdagingsreisande frå Reynistað í Skagafirði. Hovudkjeldene om Thorfinn er Eirik Raudes saga og Grǿnlendinga saga.

Grønland Thorfinn fór til Grønland for å driva handel. Der overvintra han og gifta seg i 1002 med Gudrid Thorbjarnardottir, enka til Thorstein Eriksson. Rundt 1009 leia han ein ekspedisjon med tre skip og omtrent 160 kolonistar til Amerika, kalla Vínland av Vikingane.

Amerika Etter å ha kommi fram vart det bygd ein leir ved ei bukt som Thorfinn kalla Straumsfjord, mulegvis Baie des Sept-Îles. Her vart son deira Snorri Thorfinnson fødd den første sumaren; den første europearen fødd i Amerika. Etter ein vanskeleg vinter trakk vikingane vidare sørover den påfølgjande våren. Ved munningen til ei elv stifta dei ein permanent buplass som vart kalla Hóp. I det påfølgjande året byrja dei å driva handel med dei innfødde indianarane, som vikingane kalla skrælingar. Dette gjekk bra for ei lita stund, men til slutt gjekk indianarane til åtak på vikingane. Thorfinn og mennene hans flykta, men Freydís Eiríksdóttir skjelte ut mennene og kalla dei for feigingar, tok sverdet til ein avdød landsmann og skreik ut til formaning om kamp mot indianarane. Denne blonde vikingkjerringa gjorde så sterkt eit inntrykk på indianarane at dei flykta dei med. Fordi Thorfinn ikkje ønskja seg krig, vedtok han å fara tilbake til Straumsfjord, og til slutt så fór alle nybyggjarane tilbake til Grønland.

2 svar til Thorfinn Karlsefni

  1. Darrell Gudmundson seier:

    I am a descendant of Thorfinn and Gudridur. My four grandparents emigrated to North America almost exactly 1000 years after Snorri Thorfinnson was born in Vinland.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: