Noreg, kjempers fødeland

388px-Henrik_Brustad_2

Henrik Brustad var ein norsk kjempe som vart fødd på Ytterøy i 1844 og døyde i 1899. Ifølge mor mi er dette ein slektning på far sida hennar og han gjekk visst for å vera den største og sterkaste karen i heile verda i si tid. Han kunne løfta 500 kilo og var 226 centimeter lang.

Eg nemner dette på grunn av noko som eg her om dagen kom over i Snorre. Ein må sjølvsagt vera kritisk til kva ein les, for i boka så blir det jo blanda inn både mytologi og historiske fakta. Men samtidig så er det mykje som tyder på at sjølv den mytologiske delen har grunnlag i verkelegheita. Her følgjer eit utdrag frå Snorre (Norges kongesoger, side 19):

“Konge Hake for med hæren sin til Svitjod mot kong Hugleik, og kong Hugleik samla ein hær imot. Da kom to brør, Svipdag og Geigad, for å hjelpe han, namnkjende menn og store kjemper begge to. Kong Hake hadde med seg tolv kjemper; det var Starkad Gamle òg med. Konge Hake var ein stor kjempe sjølv òg.”

Er dette ein metafor, eller ligg det noko fysisk i det? Eg ser for meg at om mannfolka før i tida var lågare enn kva dei er i dag. Kan sjeldne tilfell som Henrik Brustad ha vorti sett på som kjemper i den rette tydinga av ordet?  Om eg hadde vori 1.60 høg, så ville eg iallfall ha sett på ein kar på 2.20+ som ein kjempe. Eg ser det som usannsynleg at ein ikkje gav slike tilfell eit eiget namn, og kanskje var dei etterspurde hjå hovdingar som villa ha dei i hirda si.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: