“Nei, du må først sjå mæ framant ifra”

Gjett om eg vart overraska i dag. No har det seg såleis at ein på islandsk har ein litt underleg “t” på slutten av ein rekke ord. Ein kan f. eks. spørja “hvert er ég að fara?”, som da betyr “[til] kor er eg [i ferd med] å fara?”. Ein litt merkeleg konstruksjon på norsk, men han fungerer heilt greitt på islandsk. Og så fann eg ut i dag at vi har eit liknande system på trøndersk. Ein kan f. eks. seia at “æ fekk det med mæ heimant ifra”, altså blir det brukt i samanheng med rørsle eller når noko går frå ein stad til ein annan. Og i dag sa eg til mor mi når ho var i ferd med å klippe håret mitt at “du må først sjå mæ framant ifra”. Det er og vanleg å seia at nokon kjem “sørant ifra” eller “utant ifra”. Dette kan kanskje verke litt merkeleg for utanforståande, men såleis talar ein heime.

Uansett så hører ein noko liknande på islandsk, som i “hvert” (uttala kvert) som ikkje berre betyr “kor” men “kor hen”. Det finst ein hel drøss med slike, og eg blir meir og meir oppmerksam på dette i trøndersk. Det er uansett synd at dette ikkje er vanleg i bokmålet, for det er eit fint trekk ved trøndersk.

Eg får håpe at neste generasjon fortsetter der den forrige slapp opp. Om alle skal tala engelsk eller herme etter det ein får hørd i hovudstaden mister vi ikkje berre ein talemåte som meir eller mindre har haldi seg sidan ein først fekk nordmenn i dette landet, men vi mister òg den viktigaste føresetnaden vi har for norsk kultur. Språket er kva som gjer oss til eit eiget folk, og ikkje berre europearar. De av dykk som syng eller skriv på eiget talemål fortener all respekt, for det er bra gjort. Ein skal stå for kven ein er og kor ein kjem frå. Såleis ser eg på den saka.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: