Alt det ein har lyst å gjera

I dei siste par vekene har eg ikkje kunne følgd språkplanen min. Dette kom av at eg måtte bruke ein del tid på innleveringar og lesing av pensum. Til å begynne med gjekk det heilt greitt, men det vart etter kvart vanskeleg å kombinere språka med historie. Men uansett så ser det ut til at eg ikkje må levere inn noko nytt før det har gått eit par månader. Eg har rikeleg med nok tid i oktober, så eg får vel gjenoppliva islandsken min litt etter kvart.

Når det gjeld fransk så har eg nesten vorti ferdig med ein tekst som omhandlar korleis eg best kan læra meg språket. Hittil har eg nesten berre sett på nyheiter og lesi nettavisar, og det blir eigentleg for tungvint i lengda. Derfor ser eg no på teiknefilmar som eg får streama gratis frå RTBF. Eg føler at språket likner mykje meir på det eg sjølv har hørd heime hos Carole, så derfor tenkjer eg å sjå på denne sida så ofte som eg kan.

No er det ikkje muleg å læra seg alle språka i verda, men det er fullt muleg å handsame 5-8 språk viss ein har eit visst mål og samtidig bruksområde for alle samen. Ein må sjå for seg konkret korleis ein skal ta i bruk språka. Sjølv kunne eg godt ha tenkt meg å lære meg skotsk-gælisk, walisisk, færøysk osv., men det er lite sannsynleg at eg finner motivasjonen i og med at eg går på universitet. Her og no ser det ut til at eg får eit godt nivå i engelsk, fransk, nederlandsk, tysk og kanskje islandsk. Forhåpentlegvis kan eg òg sjå nærare på spansk og russisk, men det er vel heller usannsynleg at eg får tida til noko meir enn nederlandsk, fransk og tysk i år. Engelsken min tar eg eigentleg for gitt, eg ser på amerikanske nyheiter, les bøker på engelsk, skriv ein del på forum og talar engelsk med folk via Skype når eg speler på nettet.

Om eg får lærd alle språka kjem eg vel ikkje til å finne ut av før eg har kommi opp i åra. Ein får ta eit steg om gongen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: