Eg held meg heime i dag

img_497b53e038757Etter å ha vakna fleire gonger i løpet av natta vart eg verande heime i dag. Det skal sanneleg ikkje vera lett å sovna når ein er sjuk. Men uansett så har eg fått lesi litt og sett på nyheiter på både nederlandsk og engelsk. Eg har meir eller mindre følgt ein timeplan for språka mine denne veka, og eg har fått sett på nederlandsk, fransk, engelsk og tysk kvar einaste dag utanom igår, ettersom eg vart sjuk. Eg har begynt å lesa den første Harry Potter boka på fransk samtidig som eg hører på lydboka, og det verker ganske greitt.  Når det gjeld tysk så har eg primært brukt LingQ, og sjølv om det enda er lite med skriving så forstår eg ganske så mykje av språket. Islandsken min har eg for augeblikket lagt på hylla, men eg tek han mest sannsynleg opp igjen til veka tenker eg. Å stoppe no ville vera toskeskap.

Førre veke fekk eg resultata av av DNA-prøva som eg sendte til the Genographic Project. Det som eg fekk att var slettes ikkje det eg hadde venta meg, men etter å ha leita opp informasjon om “haplogruppe Q”, dvs. “ innenfor forskningen av molekylærevolusjon en gruppe av tilsvarende haplotyper som deler en felles stamfar med en enkel nukleotid polymorfisk (SNP) mutasjon.”, fekk eg vita at slekta mi på farsida kjem frå Sentral-Asia og kom til Norge på 500-talet. Nord for Danmark deler i underkant av 8 % av den mannlige befolkninga denne haplogruppa med meg og dei andre karane på farsida. I Europa har berre 0,61 % denne haplogruppa, i motsetning til f. eks. haplogruppe R1b som det finst så mykje som 90 % i delar av Vest-Frankrike, Nord-Spania og Irland. Dette vil seia at dei som har haplogruppe R1b kan spore farsida si direkte tilbake til ein kar som levde i den nordlege delen av Midt-Østen for fleire tusen år sidan. Etter kvart så fór etterkommarane hans gjennom Kaukasus og endte til slutt hovudsakleg opp i Vest-Europa.

Eupedia fann eg dette sitatet om haplogruppa mi:

Q is thought to be the dominant haplogroup of the Huns, who invaded Europe in the 5th century, and is only found in 2% of the people in Hungary, where the one Hunnic tribe finally settled. Another group of Huns could have settled in Sweden and/or Norway, where Q is also found in among 0.5% of the population.

Etter alt å dømme verker det som om eg er i slekt med ein kar som heitte Uldin, hunerkonge på 500-talet som grunnla dei norske og svenske kongedynastiene. Professor David Faux meiner at det finst nok grunnlag for å tru at Uldin er den same karen som i Skandinavia vart kjent som Odin, hovdingen til gudane i norrøn mytologi. Difor kan eg trygt seia at røtene mine går meir enn 1000 år tilbake i Noregs land, og enda lenger tilbake i Sentral-Asia, eller Åsgard som det heiter i sagaene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: