Tungumalið mitt

9788251923309Á bók þessi lét ek ríta fornar frásagnir um höfðingja, þá er ríki hafa haft á norðrlöndum…

No som eg fekk meg lån tok eg meg nyleg ein tur på byen med Carole og kjøpte meg “Trøndersk språkhistorie”; ei bok som eg lenge har villa fått tak i. Boka tek for seg, som tittelen tilseier, historia til det kapitlet av norsk som kallast trøndersk. Spesielt interessant er det at forfattarane har vald å begynne med notida og arbeide seg bakover i tida i staden for å ta utgangspunktet i den fjernaste fortida. Såleis blir det lettare for lesaren å kjenne seg igjen i materialet, ettersom språket får ein greiare overgang til eldre periodar. Overgangen blir liksom ikkje så brå, ein får tid til å venne seg til at språket gradvis forandrast.

Det at språket transformerast og framleis held seg attkjenneleg gjer at interessa berre veks. Gamle stadnamn er også noko som opptar meg ein god del. Sjølv kjem eg ifrå Skogn, eller Skeynafylki, som var eit av åtte småfylke i Trønderlag. I boka står det at trønderfylka truleg er dei eldste i Noreg, “venteleg er dei frå tida rundt 400-500 e.Kr., og det er prinsipielt ingenting i vegen for å tru at fylkesnamn òg går eit halvtanna tusenår tilbake i tid”.

Eg kjøpte meg òg Snorre, spesielt fordi at ho kosta berre i overkanten av 200 kronar men også fordi at eg gjerne vil lesa om tidleg norsk historie. Målet mitt etter å ha lesi boka er å kunne lesa ho òg på originalen; på norrønt. På heimskringla.no har eg fått prøvd meg litt, og overraskande nok verkar det ganske enkelt å lesa norrønt, noko som eg utvilsamt må takke islandsken min for.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: