Nýnorska er mikilvæg

snorre

Jau, da har eg fått semesterkort frå NTNU. Eg er meldt til eksamenar i Moderne historie etter 1850, Filosofi og vitenskapsteori og Tekst og argumentasjon. For augeblikket held vi på med det sistnemnde. Dette semesteret tek for seg kva ein bør vera obs på når det gjeld skriving av akademiske tekstar. Eg har så langt lærd ein del om det eg rett og slett gjorde feil når eg gjekk på Vidaregåande.

I dei siste dagane har eg vorti kjent med fleire karar på skola og fått litt meir peiling på Dragvoll. Carole har vori heim og haldi på med PCen sin, og elles så har vi vori på byen ein tur. Etter å ha sett litt på tysk har eg no endeleg begynt med islandsk. Det gjer eg i form av å sjå på Disney-songar med både teksting på islandsk og engelsk. Etter det så tek eg som regel og lagrar alle dei nye orda og uttrykka i eit program som heiter Anki. Dette programmet er ganske enkelt genialt! Du graderer det du har lærd etter kor vanskeleg du syntest det var å kome i hug tydinga, og deretter får du sjå dem att ofte eller sjeldan–alt ettersom du graderte dem som vanskelege eller lette.

Det som går igjen akkurat no er “að vera búinn að gera eitthvað” og diverse ord og uttrykk henta frå YouTube. Eg har kommi over ein del artige ting òg, som for eksempel det at “vitlaus” tyder enten dum eller galen. “Mikilvægur” tyder viktig, og dette ordet heng saman med at noko “veier mykje”, akkurat som at ordet viktig har samanheng med “vekt”. Ein finn att det same ordet i nederlandsk “gewichtig”, og i nederlandsk er “gewicht” det same som norsk vekt –altså eit instrument som ein brukar for å veie noko med. Berre det at eg var klar over denne samanhengen mellom nederlandsk og norsk gjer det enklare å komme i hug kva “mikilvægur” tyder. “Mikil” ser ein att i Micklegate i York (Jorvik) i England, som da i dette tilfellet tyder “den store gata”. Og det gamle norrøne namnet for Konstantinople, det moderne Istanbul, var Miklagard: den store byen. Elles ser ein at svenskane har tatt godt vare på ordet i “mycket”.

Viss norsk hadde vori like logisk som nederlandsk hadde ein på dialekten min ha sagt “væktig”, som da samsvarer med at ei vekt på trøndersk heiter “ei vækt”. Men det gjer vi i alle fall ikkje på Skogn, der ein seier “vektig” eller berre “viktig”. Men språk er ikkje alltid så logisk, i alle fall ikkje når det gjeld låneord. Låneorda blir som oftast rivd ut av språk utan at dei får med seg det som samsvarer med andre delar av det opprinnelege systemet. Det vil for eksempel seie at på nederlandsk heng “gewicht” saman med “gewichtig”, men på norsk heng ikkje “vekt” saman med “viktig”.

Det at eg er klar over denne utviklinga gjer at eg oftare prøver å ta i bruk ord av norsk opphav, som stadfeste i staden for bekrefte og råde til i staden for anbefale. Kvifor har vi ikkje like mykje ryggrad som islendingane? Medan ein på norsk brukar ord av utanlandsk opprinnelse som trist, melankolsk eller depressiv seier islendingane i staden ganske enkelt Þunglyndur, altså “tunglynd”.

Eg er no veldig i tvil om eg bør halda fram med nynorsken på skola. Det finst fleire fordelar enn ulempar ved bokmålet, men viss eg ikkje begynner å skrive nynorsk no, kjem eg sannsynlegvis aldri til å vende attende til han. Ting blir så mykje klårare når eg skriv på dette målet, og eg får kjensla av at eg blir betre i stand til å ytre tankar og idear. Kanskje det ligg noko i det at språket kjem meir ifrå sjela enn elles. Teksten vaknar og kjem til live.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: