Da vart det historie

NTNU-nynorsk_CMYK

I går fekk eg endeleg svar frå NTNU om at eg til hausten får begynne med bachelor i historie. Etter å ha vori på Vikingfestivalen på Egge fekk eg kjøpt meg torshammar og hørd på ein arkeolog som fortalde om kva ein har funni på Egge og kvifor nettopp denne staden blir rekna som eit “kinderegg” for arkeologar. Både eg og bror min fekk oss kvar vår Mjølnir rundt halsen. Martin valde ein klassisk islandsk variant medan eg valde ein svensk ein. I framtida må eg få kjøpt meg eit sverd eller noko slikt for veggen. Korleis kan ein ikkje ha sverd på veggen?

No er eg ikkje så sikker lenger om eg kjem til å skriva på nynorsk på NTNU i år. Dette har å gjera med ein artikkel som forklarde kor latterleg lite respekt ein har for nynorsken i Trondheim:

En eksamenstekst på nynorsk ved NTNU i Trondheim før jul inneholdt godt over 100 skrivefeil. Universitetet går nå gjennom rutinene sine.

Fy flate at det er muleg. Dette trudde eg ikkje gjekk an i det heile tatt. Viss dette ikkje blir betre så er det vel greiast å få skrivi alt på bokmål, så kan eg fortsetje med nynorsken min på hobbynivå. Uansett så har eg takka ja til studiet og fått meg plass på Voll Studentby, så i år blir det garantert NTNU på meg.

Elles så har eg fått sett på ein del islandsk i det siste. Eg fekk endeleg “Teach Yourself Icelandic”  i posten i forrigårs, men har ikkje fått lesi noko enda. Det blir mykje nederlandsk på meg no til dags, men i går fekk eg faktisk tala litt fransk med Carole på grillfesten til bror min. Dét er det ikkje kvar dag ein gjer! Vi kom heim rundt klokka tre om morgonen og sto opp rundt fem timar seinare og skulle tvert ha vatn, vatn og enda meir vatn. Dagen i dag har gått med til å sjå på TV og eta pizza. Etter kvart kom vi oss og begynte å fungere som normalt folk igjen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: