Fluggu, kvifor heiter du ikkje “flue”?

fluggu

Eg har ingen aning kor denne tanken kom ifrå, men igjennom ein eller annan samanheng begynte eg å tenkje på trønderordet “fluggu”, som da på nynorsk tyder fluge. I det siste har eg fått sansen for samanhengen mellom dialekten min og norrønt. Kva for ord overlevde unionen med Danmark, og korleis kan ein få vite kva for ord som er importerte ifrå København? Det første eg kan tenkje meg er at det som hørast annleis ut, i forhold til bokmål altså, kanskje ligg nærmare det opphavlege norrøne ordet . Her får eg mykje hjelp frå Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Om “fluge” står det til dømes:

fluge f2 (norr fluga; smh med flyge)

Såleis kan ein sjå at “fluggu” ligg nærmare det opphavlege ordet. Ikkje gløm at norrønt eigentleg ikkje vart tala av berre nordmenn, sjølv om ein med norrønt som oftast viser til det ein først og fremst tala langs “Nordvegen”. Med norrønt kan ein òg meine gamaldansk og gamalsvensk. På båe norrønt og islandsk tyder “norrænt mál” samen med “donsk tunga” det felles nordiske språket. Ein har altså tatt meir vare på “fluga” i Trøndelag enn i Danmark. Og svenskane har nok tatt enda meir vare på ordet; for i Sverige heiter det nettopp “fluga”, akkurat som for tusen år sidan. Kanskje har det noko å gjera med at svenskane braut ut av Kalmar-Unionen i 1523? Gjennom å vera sjølvstendig fekk dei kanskje tatt meir vare på språket deira.

Sia at eg no kan båe nederlandsk og fransk, er det enkelt å høre kva som er låneord i norsk. Men ein kan aldri vera sikker. Eg las t.d. i dag at trønderordet “allesjangs”, som da er eit adverb og tyder “hulter i bulter; i uorden”, kjem opphavleg frå det franske uttrykket à la chance.

Eg fann forresten noko interessant på sidene til NRK i dag. For augeblikket følgjer eg med på tre radioprogram: Språkteigen, Dialektmagasinet og no Språkspalten. Med professor Gunnstein Akselberg blir opphavet til ein rekke ord forklard. Det som eg fann i dag var uansett interessant nok til at eg ville dele det med dykk som vitjar bloggen min, det handlar da om opphavet til endinga -stad:

I norrønt het det “stadir” (med stungen d) – en plass der det finnes en gård. “Stad” har sammenheng med “å stå”, og utgangspunktet var trolig en plass der det “stod” dyr.

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/programmer_nrk_hordaland/sprakspalten/1.6561048

Elles er det verkeleg godt å vera heime. Det å kunne tala sitt eget språk, å kunne nytte sine eigne ord og uttrykk verdset ein ikkje minst viss ein har vori lenge i utlandet. Etter å ha fari fram og tilbake i 10 månader er det godt å kunne få ta ein lang pause frå alt som har å gjera med fly og reising.

Eg kjem forresten til å skrive ein nynorsk som ligg nærmare læreboknormalen. “Korfor” og “Koss” ligg begge to mykje nærmare dialekten min, men ein skriv ikkje berre for seg sjølv; ein bør vise omsyn for dei som skal lesa det. Eg kunne ha skrivi meir trøndersk nynorsk her på bloggen min, men for å bli vant med den nynorsken som eg faktisk skal nytte på NTNU veljar eg å skrive noko som professorane er meir fortruleg med. Når det gjelder kløyvd infinitiv kjem eg til å nytte -a endingar, og elles er eg ikkje sikker på om eg kjem til å nytte “å have” og “å take”. Eit poeng er at nynorsken ikkje bør likna altfor mykje på bokmål, for da er det jo meiningslaust at eg skal bytta målform. Etter å ha lesi litt av nynorsken til Tor Erik Jenstad, verkar det som at det ikkje skal vera noko problem å kombinere ha-forma med take-forma. Jenstad skriv båe at han tek og har.

Uansett, det er godt å vera heime! Båe i forigårs og i går fekk eg sjå att kompisane mine. I går sparka vi litt fotball i steikandes sol. Eg vart etter kvart lei av fotballen fordi eg vart så klar, men det brydde dei seg heldigvis ikkje så mykje om, sjølv om eg sugde noko utruleg! Elles har eg fått prata ein del med familien og fått gitt ut sjokolade som vanleg. PCen min fungerer igjen, og for augeblikket spelar eg “Call of Duty: World at War”, og da spesielt om natta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: