Eksamen, dialekt og status

Det gjekk veldig bra med eksamen på fredag. Orda kom som berre dét og eg var den første som forlot klasserommet. Nederlandsk har vorti overraskande enkelt, og dét berre eit par veker før eg fer heim att. Ord og vendingar kjem som ein endelaus straum, og det finst mykje å velja mellom. Kanskje har det noko å gjera med at eg no har begynt å skrive nynorsk? Det er uansett mykje lettare å skilje mellom dialekt/nynorsk og lågtysk/nederlandsk.

Eg har i det siste begynt å nytte Bokmålsordboka og Nynorskordboka, og denne sida er så genial for di at ho òg let brukaren vite om det ordet ein slår opp er av lågtysk eller norrønt opphav. Eg har no kunne finne ut av opphavet til enkelte dialektord, som til dømes “nasi” i min eigen dialekt, som da ser ut til å ha tatt vare på litt av det opprinnelege norrøne ordet:

nase m1 (norr nǫs f, fl nasar og nasir)

Eg har òg vorti merksam på enkelte -i endingar i dialekten min, som til dømes “båe delane”: “bægge delin”. Dette ordet kjem frå lågtysk, men lell er det artig å sjå at det framleis finst endingar som skiljer seg ut i språket. Det ser ut til at det blir berre meir og meir einsformig i dialektane, og det er jo lite heldig. Det har ingenting å gjere med at ein dialekt skal vera finare enn ein annan. Nei, det har å gjere med at alle norske dialektar utgjer ein del av det som vi kallar norsk. Ein skal få lov til å vera stolt over kor ein kjem ifrå, uansett. Det at éin dialekt blir sett på som “betre” eller “finare” er jo berre tull uansett, sia at det alltid varierar frå generasjon til generasjon kva som er “fint”. I tillegg er det jo ofte kor hovedstaden ligg som danner grunnlag for kva folk synest er “betre”, og om Trondheim, Stavanger, Tromsø eller Bergen hadde vori hovedstad hadde nok dialektane i desse stadane vori rekna som “finare” enn det ein talar på Austlandet. Konklusjon? Folk flest, meg sjølv inkludert naturlegvis, likar som oftest ikkje å tenkje særleg langt om dei ikkje må. Ein bør uansett prøve å ikkje la fordommar blokkere sunn fornuft.

Eg nyttar båe nynorsk og bokmål, og kan ikkje fatte korfor folk på nettforum syter over at dei må lære nynorsk i skulen. Det finst folk som nyttar nynorsk som hovudmål, og dei klagar jo ikkje på at dei har bokmål som sidemål? Samstundes er det påkrevd at ein skal kunne godt nok nynorsk til å bruke det viss ein arbeider for kommunen. Sjølv så har eg begynt å tenkje meir over koss ein kan skrive betre. Eg tenkjar meir over koss ord som passar best, og om eg formulerar meg på same måte som eg ville ha sagt det sjølv. Uansett, eg vart regelrett forbanna når eg fant utspel som dette på forumet til filmbyen.no:

#17 Andre ‘BadSmile‘ Broken: Nei altså nynorsk, det er ikke tingen for meg. Synes det også er teit at skoler her østnorge skal lære nynorsk. De som er født og oppvokst med bokmål, har da ingen grunn til å lære nynorsk. Eller spynorsk som jeg liker å kalle det.

Så kjem det eit flott innspel frå ein annan kar som nyttar nynorsk:

#23Filmo‘: BadSmile: No byrjar argumenta dine å grense til useriøs idioti. Kvifor i all verda skal skuleelevar på Austlandet sleppe unna nynorskundervisning? Er det fordi austlendingar snakkar ei dialekt som ligg langt ifrå nynorsk? Meiner du også at norske skuleelevar skal sleppe å lære om framande kulturar, berre fordi disse kulturane ligg så langt frå deira eigen? Det du skriv tyder at du ikkje har noko peiling på det du bablar om.
Det har nett vorte utførd ei prøveordning der enkelte osloskular har kutta ut sidemålsundervisninga. Føremålet var å styrke elevanes hovudmålsferdighetar og samstundes gje dei eit meir positivt syn på nynorsken (ja, du las riktig). Det fyrste føremålet er for så vidt forståeleg, men det andre er jo rett og slett idiotisk. Kvifor skal skuleelevar bli gladare i nynorsk når dei ikkje lærer om det? Kjem elevar til å verte gladare i muslimar om all undervisning i islam vert fjerna frå pensumet? Svaret er heilt klart ”nei, heller tvert om!”, og det var nett dette som kom fram på resultatet av prøveordninga. Når det gjeld føremålet om at elevar vert flinkare i hovudmålet sitt, så viste det seg at det stemte – men i ein såpass liten grad at politikarane i Oslo tykte heile prosjektet deira var ein flopp. Så: Er du framleis for at osloelevar skal få sleppe nynorskundervisning? Da lyt du halde fram med å lese vidare:
Du nemner også at folk som bur på Austlandet ikkje har noko bruk for nynorsken. Så feil går det altså an å ta.

Her er 4 bruksområdar kor du vil få nytte av nynorskundervisninga i dagleglivet:

1. Ein vil utvikle forståinga for korleis eit språk er bygd opp.
Ein bokmålselev vil få mykje kunnskap om korleis eit språk er bygd opp om ho/han lærer seg nynorsk. Det same kan me seie om ein nynorskelev som lærer seg bokmål. Me er heldige som har to sidestilte målformar her i Noreg, slik at me har moglegheit for å samanlikne hovudmålet vårt med eit språk som ikkje er så framand.

2. Jo fleire språk du meistrar, jo enklare blir det for deg å lære deg eit nytt.
Dette har eg allereie nemnt, så du lyt lese det førre innlegget mitt nøyare.

3. Me har mykje god litteratur på nynorsk.
Me nordmenn har mykje verdifull litteratur som er skreve på nynorsk. Det ville vært direkte flaut om me ikkje var i stand til å lese litteratur som er skreve på vårt eige språk. Me har gamle storheitar som Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas, Olav Duun og Aasmund Olavsson Vinje, men også moderne forfattarar sånn som Are Kalvø og – ikkje minst – fantastiske Jon Fosse. Sistnemnte er jo tross alt den største dramatikaren me har hatt her til lands sia Ibsen, og for ikkje så lenge sia vert Fosse meir spelt enn Shakespeare på verdsbasis. Eg veit ikkje om nokon andre norske forfattarar som har klart noko liknande. Ville det ikkje av denne grunnen vært heilt tulleruskete om me ikkje klarte å lese vår eigen litteratur? Du sa jo sjølv i ein anna tråd at du tykte nynorsk er vanskeleg å lese, så da vil du få eit stort problem når du skal pløye deg gjennom ein Duun-roman. Da er nynorskundervisninga gull verdt, og ingen treng nynorskundervisning betre enn arrogante austlandsungdommar som trur norskegrensa går like nord for Sinsenkrysset. Difor kan eg ikkje forstå kvifor du ynskjar nynorsken or osloskulane.

4. Alle offentlege institusjonar og kontor skal svare på nynorsk
Dette inneber at viss du til dømes arbeider på eit kontor i ein kommune, så er du pliktig til å gje attende svar på det same språket. Dette tyder at viss du får eit brev på nynorsk, så forventes det at du også svarer på nynorsk – same kva om det er hovud- eller sidemålet ditt.

Og dersom du enda ikkje er nøgd: Her kjem eit par andre grunnar som ikkje gjeld berre deg og dagleglivet ditt, men også heile nasjonen:

1. Nynorsk hjelper bokmål med å fornorske seg.
Heilt sia 1800-talet har bokmål sakte men sikkert flytta seg bort frå dansk og vorte meir og meir likt norsk. Det kan me takke nynorsken for. Viss nynorsken vert visket bort frå pensumet i skulen, vil denne fornorskinga stoppe opp.

2. Å fjerne sidemål vil auke bruduljane mellom nynorsk og bokmål.
Det vil bli større avstandar mellom nynorsk og bokmål viss sidemålsundervisninga vert fjerna. Nynorskelevar vil få større avstand frå bokmål, og bokmålsfolk kjem til å komme lengre unna nynorsk. Da vil nynorskfolk og bokmålsfolk få enda mindre forståing for kvarandre, og denne debatten på forumet her har enkelte argument som er så drålege at ein skulle tru det ikkje går an å søkke lågare.

3. Nynorsk er ein stor del av norsk kultur.
Sjølv om du hatar nynorsk så grenselaust som du gjer uttrykk av, kjem du ikkje bort ifrå at nynorsk har ein utruleg stor plass i den norske kulturen. Dette er eit såpass innlysande at eg ikkje orkar å argumentere for det.

4. Nynorsk må ikkje døy ut.
På grunn av alle dei punktane eg har nemnt ovanfor, skal me ikkje risikere at nynorsken døyr ut.

Eg gløymde visst å seie at bokmål er DANSK!

Men no er eg så møkka lei av å argumentere for noko så opplagt

Applaus! Men så kjem det uvanleg gjennomtenkte svaret frå “Badsmile”:

#25 Andre ‘BadSmile‘ Broken: #23:
Altså når man ikke skjønner en nynorsk person skriver eller snakker, så er det ikke norsk for meg. Og HVIS bokmål plutselig er dansk, hvorfor snakker ikke vi likt som danskene, hvorfor skriver vi ikke likt som dem?

Det er vel mere bokmål som er norsk, det er sikkert en mening med at det heter “Ny-norsk” altså er ikke nynorsk originalt, men bokmål derimot. Orket ikke å lese alt det du skrev engang, fordi jeg virkelig sliter med å lese nynorsk.

Siden du er så stolt av “nynorsk” hvorfor har du i det hele tatt skrevet bokmål før da?

#27 Shirko ‘BlackMamba‘ Safari: \’\’Altså når man ikke skjønner en nynorsk person skriver eller snakker, så er det ikke norsk for meg.\’\’

Nå begynner jeg å lure på om faktisk du leste hva Filmo skrev.
Hvordan greier du ikke å skjønne nynorsk?

Jaja, du har ikke følt med i norsk timene ser jeg.
Vi var under Dansk styre før i tida, og folk ville ha et eget norsk språk etter att vi fikk grunnlova vår.
Det var da nasjonalismen og romantikken hadde preget Norge.
Språket vi skulle snakke ble altså satt under debatt.
Det vart oppstyr og derfor ble det danske språket som vi snakket da, fornorsket.
Og jeg kan love deg Dansk er veldig veldig likt norsk.Bare prøv å les noe dansk.
Du trenger ikke å prøve en gang.Er du klar over hvor likt det er vårt språk? den har kun D plasser vi har T.
Ny norsk er yngre, men NORSKere en bokmål.

Jeg har skrevet bokmål fordi jeg har budd i Fredrikstad etter att jeg flyttet fra Ørsta/Aalesund.
Jeg snakker Nynorsk, men skriver bokmål her for å forbedre bokmålen min.
Jeg har også blitt vandt med å skrive det her, men kan godt skrive nynorsk.Det tok tid med overgang fra nynorsk til bokmål, og det vil ta tid med overgang fra bokmål til nynorsk.Det vil være noen ord jeg kommer til å bomme på hele tiden, når jeg skifter dialekt.
Jeg syns personlig Nynorsken er det beste språket å snakke og skrive.Det sier jeg kanskje bare fordi jeg er nynorsk,men jeg mener nynorsken er mye kjekkere og moro å høre på og lese en bokmål.
Det er vanskelig og forklare, men nynorsken er interessant å høre på,bortsett fra bokmålen som jeg syns jeg er kjedelig.Hvordan kan man hate et språk som nynorsk.
Personlig mener jeg den har allt det bokmål ikke har.

#28 Andre ‘BadSmile‘ Broken: Hvis noen nynorske snakker med meg, så trenger jeg tolk! Er langt ifra interresant å høre!

#29Filmo‘: Herregud! No tyr eg til bannskap, og det er berre i ekstremtilfelle eg ser det naudsynt.

”Det er vel mere bokmål som er norsk, det er sikkert en mening med at det heter “Ny-norsk” altså er ikke nynorsk originalt, men bokmål derimot.”
Dette har du allereie fått ein god forklaring for frå BlackMamba, men eg vil legge til litt anna: Sia nynorsk inneheld mykje trekk frå det gamle norrøne språket, kan namnet ”nynorsk” virke litt misvisande. Men same kva språket heiter, så kjem ein ikkje bort frå at nynorsk liknar mykje, mykje meir på det originale norske språket (norrønt) enn kva bokmål (importert dansk) gjer. Basta!

”Orket ikke å lese alt det du skrev engang, fordi jeg virkelig sliter med å lese nynorsk.”
Der ser du. Norske skuleelevar kan ikkje lese litteratur på sitt eige språk. Er det ikkje skammeleg? Kven treng vel nynorskundervisning betre enn dykk? Og kvifor i helvete skriv du så mange tåpelege og opplagte spørsmål når du ikkje eingong er i stand til å lese norsk?!

”Siden du er så stolt av “nynorsk” hvorfor har du i det hele tatt skrevet bokmål før da?”
Fordi eg vaks opp i ein kommune som har bokmål som målform. Dei fleste kommunane i Noreg er nøytrale i målformsaka, men på heimstaden min er det berre bokmål som gjeld – ikkje noko anna. På barne- og ungdomsskulen vart eg dimed undervist i bokmål, bokmål og atter bokmål. Eg fikk ikkje undervisning i sidemålet mitt før enn i niandeklasse, men denne undervisninga var ikkje akkurat den beste eg har vore borti; det same gjeld den eg fikk i tiande. Fysste år på vidaregåande var nynorskundervisninga merkeleg nok totalt gjømt bort, men i haust fikk eg endeleg bøye nokre –ar og –ane-vedingar. Eg hadde på førehand tenkt å skifte over til nynorsk viss karakteren min var dugeleg. Det var den også, så da var den saka grei. Eg har ikkje skifta hovudmål enno, men eg trur eg kjem til å gjere det så fort som faen.

”Hvis noen nynorske snakker med meg, så trenger jeg tolk! Er langt ifra interresant å høre!”
No er eg ikkje lengre i tvil. Du er berre ein arrogant oslofundamentalist som pissar i norsk kultur og har store fordommar mot folk som ikkje er som deg sjølv. Argumenteringa di er meir høgrevendt enn det oppkastet som Frp spyr ut.

Heile debatten kan de få lesa her, på nettstaden til “Filmbyen”. Det er vel heller sørgjeleg at det ein finn ved å søkja på “nynorsk” på Google er forum som tar for seg koss ein kan få slepp å lære nynorsk, “Hvorfor må vi lære SPYNORSK????!” og koss ein kan få juksa på eksamen. Argumentane ville sannsynlegvis falle for døve øyra.

Det er uansett kjempeartig å få sjå at folk faktisk nyttar dei formane som ligg nærmast dialektane deira:

“Om ein går litt ut om denne standardforma som vert brukt i lærebøkene er det snart å få raude strekar fordi lærarane ikkje veit kva som er lov og ikkje lov. Det er i alle fall mi erfaring.”

9E2: Det er mi erfaring òg; eg hev fengi kritikk for a-infinitiv, i-mål og elles ikkje-bokmålsk nynorsk. Det er litt leitt at det hev vorti slik, då dette gjerer at nynorsken verter meir bokmålsk (noko som igjen gjerer bokmål meir riksmålsk). I hovudmålsundervisingi (bokmål) hev eg ikkje éin gong høyrd at «boka» og «boken» er jamstilte former, eg vart lærd opp til at det skulle heita «boken» (òg før bokmålsreformi i 2005). Trass i at lærarar ynskjer å gjera nynorsken bokmålsk, fekk eg sniki inn «hev» til «har» i ei skuleoppgåva nyleg…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: