Dei siste dagane i Belgia

fight_big

Då har eg vorti ferdig med den fyrste av dei siste eksamenane i Nederlandsk hjå Universitetet i Antwerpen. I dag vart vi testa med eit lydopptak og det gjekk ganske bra. Vi fekk høyre på to radiointervjuar, og eg vart overraska over kor lett det var! Den fyrste gongen eg høyrde den siste øvinga trudde eg at eg umuleg kunne skjønne noko som helst, for personen som vart intervjua snakka på telefon. Men etter tre gongar fekk eg svart på alt saman og intervjuet vart forståeleg. Mange i klassen min fekk noko over seg som likna på panikk, men læraren min sa at dei berre måtte ta det med ro. Dette hadde han sett før.

På vegen heim byrja eg med dei siste sidene av «The Last Kingdom», ei bok som tar for seg det 9. hundreåret i England og invasjonen til danane. Den siste halvdelen av boka var mykje betre enn den fyrste. Bernard Cornwell skildrar fantastisk godt kampane mellom engelskmennene og danane. Eg har hørd mykje om «skjoldveggen», og det var utruleg spanande å lesa om dei brutale tilstandane som desse menneska måtte kunne leve gjennom om øya deira ikkje skulle bli ein dansk stat. Befolkninga vart regelmessig herja og måtte betale skatt til danane som sia er kjent som «the Danegeld». På eitt tidspunkt gjenstod berre Wessex som eitt uavhengig rike, og det var det som ga namnet til boka. Eg syns at forfattaren skriv veldig realistisk og skildrar perioden på ein måte som får meg til å ville lære meir.

Likevel kunne boka ha vori betre. Eg hadde kanskje altfor høge forventningar, for dette er eit tema som opptar meg ein god del. Derfor såg eg for meg noko i same sjanger som bøkene til Conn Iggulden, men etter å ha nyleg vorti ferdig med den fantastiske boka «Gods of War» er det ikkje rart at sjølv god litteratur kan falme litt. Eg har uansett fått bestilt båe neste bok i serien, «The Pale Horseman», og ei bok av John Peddie som tar for seg Alfred av England, sia at eg gjerne vil lære litt meir om historia til dette landet.

Eg har meir eller mindre avgjort at eg kjem til å skrive nynorsk til hausten når eg byrjar på NTNU i Trondheim. Dermed har eg no fått samla somme dataprogram for studiane. Her er ei liste over det som eg hittil har funne:

Elles ser det ut til at eg no må gå og leggje meg. Klokka er nesten halv eitt og i morgon må eg forberede meg på eksamen på fredag. God natt.

Kommenter innlegget