Heim

Eksamen nærmar seg og snart fer eg heim til Trøndelag. Det er rart kor for ti månader kan gå. På ein måte verkar det ikkje som om eg har vori her så lenge i det heile tatt. Eg har framleis mykje å lære, men eg satsar på å halde fram med språket når eg byrjar på NTNU. Det finst nederlandske radiostasjonar, podcasts, avisar på nettet, så eg får nok brukt språket kvar einaste dag. Skype og MSN kjem jo òg godt med. Eg har kontakt med folk frå båe Nederland og Belgia, så eg får garantert brukt språket ein del og utvikla meg vidare.

I dag fekk vi endeleg vist fram prosjektet vårt “Talen die bedreigd zijn met uitsterven” (språk som er trua med å daue ut). Det gjekk temmeleg bra, sjølv om eg var litt trøtt. Etter kvart fekk vi høre at lærarane var veldig nøgde. Eg vart litt overraska når læraren min Wim spurte meg om eg syntest at språkdaud var trist. Då ga eg han eit svar som eigentleg kom frå ingenstads, det berre kom: det hadde vori veldig trist viss vi berre hadde snakka eitt språk, for kvart ord som vi får frå foreldra våre inneheld ein historie som fortel om ei anna tid. Dialektord skildrar korleis menneska frå vår eigen region såg verda lenge før vi vart fødd. Dei definerer oss som eit eget folk med eigne tradisjonar, dei seier noko om kvar vi kjem ifrå og korleis vi opplever verda.

Elles så ser eg fram til å fara heim. Sannsynlegvis får eg skaffa meg hybel på Voll, men det er ikkje sikkert enda. Anten blir det så at eg studerer statsvitskap eller så blir det historie. Carole meiner at eg bør bli lærar, men då må det helst bli på eit universitet eller ei høgskule for eg veit ikkje om eg orkar å bli lærar for ungar som ikkje er interesserte i faget mitt. Det kan tenkjast at det blir konsulentarbeid eller noko slikt, men uansett vil eg helst i ein eller annan samanheng få nytta språkkunnskapen min. Kanskje finst ikkje yrket mitt enda.

Akkurat no planleggjar eg å ta ein mastergrad i historie og ein mastergrad i statsvitskap, samstundes planleggjar eg å lære meg tysk, russisk, islandsk, spansk, italiensk og gresk. Det kan og tenkjast at eg tar eit tolkestudie ved Høgskula i Oslo, meir informasjon om dette har eg funne her.

Eg har forresten funne ein flott nettstad som heiter “Vikingferden” kor ein kan finne mykje interessant om historia til Skandinavia. Du kan sjå nettstaden her. Eg fann han ved å ta ein titt på nettstaden til Nordvegen Historiesenter i Avaldsnes.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: