Nynorsk

Frå no av kjem eg til å skriva på nynorsk. Dette gjer eg delvis på grunn av at eg har fått ei interesse for norske dialektar og islandsk. Eg hadde antakeleg aldri vorti så interessert i dette viss eg ikkje hadde lærd meg nederlandsk. Alle dei orda som vi fekk frå lågtysken ser eg att kvar einaste dag i Antwerpen, og det har gjort at eg har vorti meir bevisst det som faktisk er norsk. På eit vis er det jo ganske radig for nordmenn viss dei vil læra seg tysk eller nederlandsk, men språket vårt er jo egentleg ei arv. Det å snakke dialekt er såleis sett det same som halde denne arva i live. Ved å skriva nynorsk blir ein bevisst på ordbruken sin og let ein ikkje denne arva gå tapt. For meg er det òg enklare å skriva på nynorsk sia at ho ligg nærare dialekten min.

Det har aldri vore så greit å skriva nynorsk som i dag. På nynorsk har ein til dømes  nettlesaren Firefox (med mogleghet for nynorsk ordbok), Open Office, Facebook, Windows XP og så vidare. Samtidig er det no komen noko så sjeldan som ei ny nynorsk fantasy bok. Dette fann eg på nettsia til Bokkilden.no:

For første gong på mange år kjem no endeleg norsk, fantastisk litteratur skrive for vaksne, av svært høg litterær kvalitet. Psykologen Kristine Tofte har med Song for Eirabu skapt eit fiktivt univers med utspring i norrøne mytar, som ho har fylt med kvinnelege hovudpersonar, offerprestinner, gudar og mytiske skapnader. Tofte har eit sikkert og litterært språk, og med sin psykologiske innsikt gjer ho kampen mot verdas undergang både levande og gripande for lesaren. Her blir menneska sin vilje og eigne val sett opp mot gamle spådomar og gudane sine krefter. Me møtar her dei to systrene Ragna og Berghitte, som utan å vite om det er blitt peika ut av gudane som særskilde reiskap. Ragna blir innvigd som offerprestinne, medan Berghitte blir dronning. Denne fabelforteljinga er meint å strekkja seg over to bind, og rettar seg i hovudsak mot vaksne og kanskje særs kvinnelege lesarar. Kristine Tofte (f.1970) er utdanna psykolog.  Ho har og studert religionsvitskap.

Når eg har koma heim att på slutten av juni skal eg sjå om det er mogleg å få bestilt opp både ei nynorsk ordbok og Song for Eirabu.

2 svar til Nynorsk

  1. Will seier:

    Takk for Nynorsk innlegg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: