Dialekt

Her kjem eg til å skriva opp lokalord og uttalevariasjonar som eg anten har høyrd under oppveksten eller som eg har fått lærd meg i ettertid. Der det er mogleg, kjem eg til å leggja inn forklaringar og døme. Når det gjeld etymologi, dvs. opphavet åt orda, så vender eg meg til Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Trøndersk Språkhistorie (Dalen m. fl. 2008) og Trønderordboka (Jenstad, Dalen 1997). Med “norr.” meinast norrønt, med ”isl.” meinast islandsk, med “nl.” meinast nederlandsk, med “ty.” meinast tysk og med “eng.” meinast engelsk.

Eg tek i bruk nokre bokstavar frå det internasjonale fonetiske alfabetet for å kunne gje att orda betre. Dette vert i utgangspunktet gjort med omsyn til der det ikkje finst opptak å visa til. “Tjukk l” vert då  ”ł”, og palatale konsonantar får ein krok nedst til høgre, som til dømes i “maᶇᶇ”.

Dette arbeidet gjerast framfor alt for min eigen del, så det er ikkje utenkjeleg at det kan gå lange periodar utan oppdateringar. Sida er i utgangspunktet meint som eit prosjekt der eg sjølv freistar koma nærare mitt eige talemål. Eg vonar at det fell naturleg for andre trønderar å fatta interesse for prosjektet etter kvart som sida veks og vert meir omfattande.

Om trøndersk

Trøndersk er ein dialekt som dei talar i dei to trønderfylka og på Nordmøre, og dessutan på Kvikne og i Elgåa i Hedmark fylke, og i den sørlege delen av Bindalen i Nordland. I tillegg finst det ymse område i Sverige kor ein iallfall fram til det siste har tala trøndersk, som t.d. i Frostviken i Jemtland.

I og med at området der ein talar trøndersk ligg så sentralt til i landet, er det berre rimeleg at trøndersk er ein dialekt med trekk frå fleire hald. I trøndersk talemål finn ein difor samanheng både sørover til Austlandet, sør-vestover til Vestlandet og nordover til Nord-Noreg.

Kor breitt tala dei i Verdal på 1030-talet?

I språkvitskapen høyrer trøndersk til den vestnordiske greina av dei nordgermanske språka. Islandsk og færøysk reknast òg til denne greina, samt det no utdøydde språket norn. Denne greina har eit felles opphav med dei austnordiske språka, svensk og dansk,  i urnordisk, forgjengaren åt norrønt. Før i tida gjekk ein ut ifrå at alle dei nordgermanske språka hadde sitt utspring i norrønt, men det stemmer altså ikkje.

Norsk språk har i seinare tid vorte mykje påverka av begge dei austnordiske språka, og særleg dansk har staka ut kursen for utviklinga. Likevel finst det visse trekk som framleis i moderne tid skil norsk frå både svensk og dansk, og peikar mot gamalt slektskap med  vesterhavsøyane. Det mest openbare trekket i denne leia har å gjera med dei gamle diftongane, au, ei og øy. I Noreg seier vi som kjent auge, stein og øy, mens i Sverige seier dei öga, sten og ö. Naturlegvis finst det visse unntak i så vel Sverige som i Noreg, men den diskusjonen er det ikkje rom for her og no.

Om ein ser bort ifrå samisk, går ein ut ifrå at det i norrøn tid vart tala stort sett same tungemålet over heile Noreg. Det fanst sikkert ein del lokale særtrekk, men slik eg forstår det tala folk gjennomgåande meir det same målet enn dei kva gjer i dag. Etter svartedauden gjekk vi over til ein periode som gav opphavet til dei moderne norske dialektane. Tradisjonelt sett er det fyrst då vi kan byrja tala om trøndersk, medan moderne trøndersk kom til i løpet av dei fyrste tiåra på 1500-talet.

Om dagens Skognamål

No er ikkje eg nokon sjølvutnemnd ekspert på målet mitt, men eg har uansett observert ei rekkje interessante ting ved dagens dialektbrukarar. Desse vil eg freista leggja fram her for dei som ser seg råd til å lesa om dei.

Like eins som elles i Trønderlagen er det òg i Skogn ein klår tendens til at dei unge talar ein mykje meir standardisert dialekt enn før. Ettersom tida går og nye ætteledd kjem til, vert det vanskelegare å høyra kvar folk opphavleg kjem ifrå. Som naturleg er, har vi no kome inn i ein ny periode i verdshistoria, og som det venteleg kan vera, kjem ikkje kvar einskild grend til å halda seg til det gode gamle. Like eins som dagens ungdom kan visa til eldre skyldfolk med litt annleis og kanskje meir særprega dialekt, kan gamlingane dei med visa til ei tid der dei i sin ungdoms blom braut med førre generasjons ordforråd og vendingar. Det er ei naturleg utvikling, og ho kan vanskeleg stoggast.

Jamført med far min og farfar min, høyrer eg klårt og tydeleg at min eigen generasjon talar eit mål med både nyvinningar og forenklingar. Når det gjeld grammatikk, talar dagens ungdom eit meir simplifisert mål. Foreldregenerasjonen min forenklar sjølv grammatikken når dei er i kontakt med yngre menneske. Til dømes skil dei mellom pronomena “de” og “dykk” når dei talar med jamaldrande, akkurat som i nynorsk (t.d. “No må de ha dykk inn!”), men når dei talar med småungar, eller sjølv med noko vaksent ungdom, brukar dei konsekvent berre den eine forma, “dykk” (trøndersk “dåkk”).

Farfar min talar naturlegvis eit eldre mål enn meg. Det mest påfallande ved målet hans ligg i tendensen til ein meir vestlandsprega trøndersk. Dette veit eg har vore meir gjennomgåande i eldre mål i og med det som framgår av eldre tekstar. Farfar seier t.d. skojen, ikkje skogen. Og i huset heiter det ikkje taket, men tatjet. Slike blaute formar av orda er det nesten ikkje råd om å finna hjå ungdomen i dag.

I tillegg merkjer ein godt at ein del meir standardiserte formar er på veg inn i landskapet. Fram til no har ein konsekvent brukt tidsadverbet nu i staden for det meir utbreidde no. Dette har samanheng med den gamalnorske forma núna, som ein framleis tek i bruk på Island, om enn med nyare vokal der òg: nona. På eit tidspunkt har altså alle i Noreg sagt núna, med ein distinkt rotvokal. Skogningen, liksom verdalingen, har halde på denne opphavlege vokalen, medan andre har gått over til ei nyare form, anten no eller . I skrivande stund verker det som om eit bytte er i ferd med å skje, utan at eg kan seia noko visst om kor lang tid dette kjem til å ta.

Til slutt er det verdt å skriva nokre ord om påverknaden frå engelsk. I dette finn ein kanskje dei største kontrastane mellom denne siste og dei føregåande generasjonane. Om ein ikkje kjem i hug det norske ordet, er vegen mykje kortare no enn før i tida om å velja eit engelsk alternativ. Eg er sjølv skyldig i dette, men freistar vera noko bevisst tendensen.

Eg tykkjer det hadde vore ovleg leitt om ein ikkje lenger kunne høyra på målet kvar folk kjem ifrå. Ein lyt ikkje gløyma at det kan vera mykje løynd historie i språket som, om ein ikkje noterer seg det, kan gå tapt for all uoverskodeleg framtid. For om noko ikkje er kjend, er det ikkje einstydig med at det ikkje finst. Framandfolk har stundom ferdast og late att ord og vendingar frå fjerne strok. Somme av desse har sett sitt preg på staden og vore med på å forma folket som bur der. Hadde det ikkje vore interessant å spora den delen av målet som i utgangspunktet kanskje høyrer heime i andre land? Tak t.d. fanden og kjeltring, desse orda er truleg komne ifrå Friesland via sjøvegen. Ein lyt heller ikkje å gløyma den unike samansetninga av dei menneska som utgjer skognafolket og korleis dette moglegvis kjem til uttrykk i målet. Historia til bygda kan såleis seiast dels å vera festa i sjølve orda, om enn tidas tann viskar ut somt av dette etter kvart.

Opptak

Her kjem det etter kvart ei rekkje opptak i og med innkjøp av ny diktafon. Eg er særs interessert i gamalt skyldfolk, og vonar å få arbeida ein del med dette i den næraste framtida. Naturlegvis er det òg artig å taka vare på desse opptaka i og med at dei har ein verdi i seg sjølve.

Farfar fortel om Petter Fredrik og slekta, april 2010

Farfar fortel om då pappa var liten, april 2010

Farfar fortel om då sauane vart stolne m.m., juli 2010

Ordliste

auge n, auge (norr. auga, tysk auge)

bøkłåt adj, vrien, vanskeleg å få til, upraktisk

di/dokk de/dykk (norr. þit, ykkr, isl. þið, ykkur)

  • Eksempel: Nu må di ha dokk iᶇᶇ!

fłøt adj, rask, snar (norr. fljótr ‘rask, snar’. Smh med flyte, som opphavleg har betydd ‘røre seg raskt’)

fårrå v, å fara (norr. fara, ty. fahren, nl. varen, eng. fare)

hongri adj, svolten

hustrin adj, kald, utriveleg

ires ref v, “å ires for noko” i tydinga å bekymre seg

irin adj,  (om person) spent, oppkava, uroleg, nervøs, gruvsam

kjest adj, (om luft) varm, tung, trykkande, lummer

kjon v, stelle; sysle med; pusle med småting , kline (utgangspunktet oftast norr. þjóna ‘gjera teneste’, men norr. hjón ‘ektefolk’ kan også ha spelt ei rolle)

lætt adj, lett, farge (norr. litr)

millom prep, mellom (norr. (í, á) milli(m), mill(j)um, meðal; eigl ‘på midten av’; smh med medel- og mid-, isl. milli)

  • Det som er spesielt her er at den fyrste vokalen ikkje har endra på seg sidan norrøn tid; perioden 700-1350 e.Kr.

nassi m, nase (norr. nǫs f, fl nasar og nasir, nl. neus)

nu adv, no (norr. , nl. nu, ty. nun)

Det har ingenting med dansk og riksmål å gjera, men er ein arv frå den enkle gammalnorske forma . ..det påfallande med utbreiinga av /nu:/ i Trøndelag er at det fell nesten nøyaktig saman med grensene for to av dei gamle fylka, Skøynafylket og Verdølafylket.

Dalen m. fl. 2008: 23

reyn, v, å røyna, erfara, oppleva, gjennomgå, eksperimentera (norr. reyna)

skyldfølk n, folk som er skylde kvarandre; slektningar

  • Dette er eit ord som har nesten gått heilt ut av dialekten heime på Skogn. Men det om enn ordet ikkje er så mykje brukt lenger, sit det framleis i folkeminnet.

såpkokar m, raring

vatiᶇᶇ adj, vaken (norr. vakinn; smh med II vake)

Kommentarfeltet er stengt.

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.